D/S-stol med designpris!

Den lokale designbedrifta Ralston & Bau frå Dale har designa eigne stolar, D/S-stolen, til D/S Ekspedisjonen. Forma er inspirert etter kapteinsstolar frå gamle dampskip. Det spesielle med stolen er at den er limt saman i ein del, utan ramme. Norsk Form har peika stolen ut som døme på god norsk design med inspirasjon frå Dale, og den skal stillast ut på haustutstillinga til Norsk Form.

Link til artikkel på Firda sine web-sider.(20/10-05)

Jubileumsår Jakob Sande - 2006

1. desember 2005 går startskotet for markeringa av 100-årsjubileum for den folkekjære diktaren Jakob Sande. Jakob Sande var frå Dale, og i løpet av jubileumsåret vert det ei rekkje arrangement i Dale og elles i Fjaler for å markere og ære vår folkekjære diktar. Program for kva som skal skjer finn du [her]